Aktivitetsoversikt
Samle og synleggjere aktivitetar og eit mangfald av moglegheiter på ein informativ og enkel måte.
For kommunar
Kommunar treng trygg og algoritmefri innbyggjarkommunikasjon og bør ikkje lenger vere på plattformer utanfor deira kontroll og påverknad. Vi er ei bedrift frå Voss på Vestlandet som har løyst det og samarbeider allereie med 120 norske kommunar.
Sidan september 2026 avgrensar Meta Facebook-sider som ikkje betaler til rundt to lenkeinnlegg i månaden. For å dele meir må kommunen abonnere på Meta One.
Problemet var der frå før: Facebook har i fleire år gitt innlegg med lenker svært låg rekkjevidd. Kommunen har publisert, men algoritmen har bestemt kven som får sjå det.
Spørsmålet er ikkje berre kva det kostar, men kven som eig kanalen mellom kommunen og innbyggjarane.
| Spørsmål | Friskus | |
|---|---|---|
| Kven bestemmer kva som blir vist? | Algoritmen | Kommunen |
| Reklame | Ja | Nei |
| Lenker | Ca. 2 i månaden utan betaling | Inga grense |
| Kostnad for lokale lag | Kvar side betaler for seg | Gratis når kommunen har lisens |
| Bruk av data | Grunnlaget for forretningsmodellen | Blir aldri selt |
| Selskap | Amerikansk | Norsk |
Kommunen betaler éin lisens, og alle lag og foreiningar i kommunen bruker Friskus gratis. Lisensen inkluderer:
Hol er eit døme på ein kommune som bruker kommune-appen.
Vi tener ikkje pengar på merksemda eller dataa til innbyggjarane – ingen algoritmar, ingen reklame, og vi sel aldri dataa dine.
Friskus vart grunnlagd på Voss i 2017 og har kontor på Voss, i Bergen og i Oslo. Samfunnsoppdraget vårt er å gjere det enklare for barn, unge og vaksne å delta i lokalsamfunnet sitt.
I tråd med nasjonal strategi for digitalisering i offentleg sektor, «innbyggjaren i midten og fleire tenester rundt», er Friskus utvikla som eit konkret verktøy for ulike avdelingar i ein kommune. Alle får eit verktøy for jobben sin og når ut til målgruppa si, og er samstundes på same digitale plattform.
Innbyggjaren får brukarvenlegheit og effektivt tak i rett og nok informasjon for seg, ut frå interesse og behov.
Samle og synleggjere aktivitetar og eit mangfald av moglegheiter på ein informativ og enkel måte.
Dei digitale løysingane våre for utdeling av lokale midlar blir i dag brukte til utdeling i samband med fritidskortpiloten og kommunane sine eigne lokale fritids- og kulturkortløysingar.
Gjer det enkelt å be om hjelp, rekruttere frivillige, og frigjer ressursar.
Med arrangøroversikta blir det enkelt for innbyggjarar å finne kommunale avdelingar, lag og organisasjonar.
Meldingsfunksjonen legg til rette for kommunikasjon mellom arrangørar og deltakarar. Slik blir det enkelt å starte dialog mellom innbyggjar og kommunale avdelingar, organisasjonar og lag.
Prosjektrådgivarane våre hjelper dykk med implementering og opplæring.
Det skal vere enkelt for alle å delta på meiningsfulle aktivitetar – oppleve glede, tilhøyrsle og engasjement!
Visjonen til Friskus
For at organisasjonane og laga i kommunen din skal kunne bruke koordinerings- og kommunikasjonsverktøyet, må kommunen kjøpe lisens. Etter dette kan eit valfritt tal kommunale avdelingar og lokallag/frivillige organisasjonar bruke Friskus.com heilt gratis.
Friskus er i dag Noregs leiande leverandør av denne teknologien, fri for reklame, og vurdert til å ha høg kvalitet og brukarvenlegheit.
Gratis e-bok: Korleis rekruttere lag og foreiningar (PDF, på bokmål)
Prosjektrådgivarane våre har god erfaring og kunnskap om kommunal og frivillig organisering, og hjelper dykk gjerne med effektiv implementering og opplæring. Ta kontakt på post@friskus.com eller direkte med ein av oss i Team-Friskus.