FRISKUS AS

Vi er ein sosial entreprenør som held til i Vossabadet sine lokale i Voss kommune. Vi fremjar helseinnovasjon gjennom audmjuk tilnærming til kompleksitet i offentleg og frivillig organisering, kombinert med brukarvenleg, god teknologisk forståing og samfunnsengasjement.

Friskus skal bidra til vekst og engasjement hjå kvar einskild og i velferdssamfunnet. Det skal vere lett å delta i helsefremmende aktivitet og bry seg! Vi løyser reelle samfunnsproblem i den praktiske kvardagen til kommunale og frivillige koordinatorar og eldsjeler over heile landet.

Les meir

TEAM FRISKUS

  • Gode personlege eigenskapar
  • Høg kompetanse og fagkunnskap i alle ledd av produktutviklinga
  • Detaljert kunnskap om brukarperspektiv
  • God relasjonell kompetanse

Våre kjerneverdiar:

  • Samfunnsengasjement
  • Mestring
  • Tryggleik
  • Kvalitet

Sigrid Petersson Nedkvitne

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

GRÜNDER OG DAGLEG LEIAR. Sosial entreprenør med 10 års ansvar frå ulike helse-, velferds- og omsorgstenester i kommunen. Master i helse- og velferdsleiing. Har starta fleire prosjekt for frivillige/ideelle organisasjonar.
Lene Sælen

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

PRODUKTEIGAR. PhD i fysikk med sju års arbeidserfaring innan anvendt forsking, programvaresupport og -utvikling. Leiar for pilotprosjektet og forskingsansvarleg.
Ingrid Hevrøy Rabben

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

ADMINISTRASJON- OG PROSJEKTLEIING. Utdanna fysioterapeut med vidareutdanning i arbeids- og folkehelse, og kvalitetsleiing. Fleire års erfaring innan kommune- og spesialisthelsetenesta med klinisk og administrativt arbeid.
Christine Warholm

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

PROSJEKTKOORDINATOR. Christine er utdanna fysioterapeut med master i helsefag og vidareutdanning i leiing. Klinisk erfaring innan førebygging, rehabilitering og habilitering. Leiarerfaring innan NAV, kommune- og spesialisthelsetenesta. 
Arnfinn Kristensen

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

DRIFT OG DATATRYGGLEIK. Arnfinn er utdanna innan IT-drift og utvikling, og har lang erfaring frå leiing av større utviklingsprosjekt. Han er opptatt av å skape det gode samspel mellom brukar og teknologi.

 

Styre:

Vi er opptatt av å byggje ein profesjonell organisasjon, med høg kompetanse på produktet vi skal levere, og med forståing for marknaden. Derfor har vi uavhengige og dyktige styremedlemmer som skal vere med å løfte selskapet til nye høgder.

Ivar Borge

Ivar Borge

STYRELEIAR. Ivar jobbar som investor, rådgjevar og profesjonell styreleiar/styremedlem i ei rekke verksemder. Tidligare har han jobba meir enn 20 år i PwC som strategikonsulent og partnar/leiar for PwC Consulting i Bergen. Som styreleiar i Friskus har Ivar særleg fokus på selskapet sine strategiske vegval og finansiering, samt å bidra til heilskapleg og profesjonell utvikling. 
Hilde Magnusson

Hilde Magnusson

STYREMEDLEM. Hilde er busett på Voss, er mor til tre, advokat og tidlegare stortingsrepresentant. Ho har også brei erfaring frå ei rekkje styreverv. Hilde er i dag dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen.
Jan Helge Norekval

Jan Helge Norekval

STYREMEDLEM. Jan Helge er utdanna Cand.Polit. med hovudfag i informasjonsvitskap. Lang erfaring innan IKT og helse i ulike roller. Arbeider i dag som verksemdsarkitekt i Helse Vest IKT.

 

Ressurspersonar:

Erik Aadland

Erik Aadland

MENTOR. Erik Aadland har lang erfaring med å byggje software-selskap og har m.a. vore medgründer i eit av Norges raskast veksande it-selskap ItsLearning.
Jonas Nedkvitne

Jonas Nedkvitne

RÅDGJEVANDE LEGE
Svanhild Seim

Svanhild Seim

REKNESKAP/ØKONOMI