Produksjon

Det er umogeleg å få denne grad av brukarvenlegheit og heilskap utan omfattande testprosjekt rundt om i heile Noreg. Tverrfaglege prosjektgrupper med brukarrepresentantar i alle aldrar har testa og gitt tilbakemeldingar i ein iterativ utviklingsprosess. Dette er svært ressurskrevjande og ikkje mogeleg utan stor grad av offentleg støtte, og eit selskap med brennande engasjement for utfordringane som skal løysast.  

    • Innovasjonskontrakt med Innovasjon Norge, fleire kommunar, frivillige lag og organisasjonar og Friskus AS
      • Helseinnovasjonsprosjekt til 15 millionar kroner, som starta januar 2017. Utviklar Friskus-teknologi i ein iterativ prosess. Høgskulen på Vestlandet følgjer prosjektet. 
      • Status: prosjekt pågår.  
    • Prosjekt med Husbanken, fleire kommunar og Friskus AS
      • Korleis leggja til rette for trygge, sosiale og aktive bumiljø? Friskus tar aktivitet inn i heimen, med film og kalender. 
      • Status: prosjekt pågår. 
    • Prosjekt med Norges forskningsråd, Agderforskning, Voss kommune og Friskus AS
      • Prosjektet omhandlar Gamification som verkemiddel i rekruttering og samskaping med frivillige. 
      • Status: prosjekt pågår. 
    • Forprosjekt Regionalt Forskningsfond Vestlandet, SINTEF, fleire kommunar og Friskus AS. 
      • Kartlegging, behovsanalyse, tilrettelegging for samfunnsdeltaking og frivillighet
      • Status: prosjekt avslutta desember 2017. 
    • Smart Omsorg Bergen kommune – «Smart kobling», Mlabs og Friskus AS
      • Innovasjonsprosjekt saman med Bergen kommune, Mlabs og Friskus AS. Ser på rekrutteringsprosessar og korleis gjera det attraktivt å bli frivillig, for dei som nødvendigvis ikkje var tenkt å bli frivillig. Test og utvikling av byteteneste-modul og ytre insentiv.
      • Status: prosjekt pågår
    • Prosjekt med bydeler i Oslo kommune og Friskus AS
      • Prosjekt om innbyggjarteneste. Korleis kan innbyggjarar sjølv hjelpe kvarandre, når dei ynskjer det sjølv? Utan involvering av offentleg sektor. Det vert utvikla ein 1-1 koblingsmodul i Friskus. 
      • Status: prosjekt pågår