Meir om Friskus

Friskus AS starta som eit initiativ frå gründer og småbarnsmor Sigrid Petterson Nedkvitne. Sigrid har over 10 års erfaring med ulike helse-, velferds- og omsorgstenester i kommunen, og som aktiv frivillig. Ho erfarte eit stort behov for ein digital møteplass for aktivitet – ein felles møteplass som måtte vera like freistande for dei på 18 år som for dei på 70 år. I ei verd der barnefattigdom, utanforskap og einsemd aukar, fleire unge får psykiske utfordringar og mange slit med å få trygt fotfeste i arbeidslivet, såg Sigrid ei konkret løysing som kunne bidra til å gjera kvardagen betre for mange.

Og dermed var ideén med Friskus skapt. Raskt vaks idéen til å bli ei bedrift og ein digital plattform som blei til Noregs største helseinnovasjonsprosjekt i 2017.

Kommunar og frivillighetsnettverk på Sørlandet, Austlandet og Vestlandet har deltatt aktivt i utforming av eit produkt som støttar deira behov. Prosjektfokus i 2018 gått over frå test og teknologiutvikling til å handle om korleis motivere og stimulere til auka deltaking og førebygging av utanforskap.

Med stor kjennskap til og respekt for kompleksiteten i utfordringane som skal løysast, er Friskus AS ein innovasjon- og teknologipartnar med detaljert kunnskap om helseinnovasjonen som må skje i og saman med det offentlege og frivilligheita.

Friskus arbeider hardt for at ungdomar og andre i samfunnet skal få ein fri arena på nettet utan reklame og negativ påverknad. Friskus skal berre innehalda det kjekke som skjer i ditt nærmiljø. Friskus kjem aldri til å selja informasjon om deg som kan nyttast til målretta reklame mot deg.

Friskus sin visjon er at plattformen skal bidra til vekst og engasjement hjå kvar enkelt i velferdssamfunnet. Det skal vera lett å delta i helsefremjande aktivitet og bry seg, fordi det har like stor verdi for den som gir som den som får. Friskus plattformen er eit verkemiddel og eit verktøy for å løysa reelle samfunnsutfordringar i den praktiske kvardagen til kommunale og frivillige koordinatorar og eldsjeler over heile landet.