I Friskus må du godta ei samtykkeerklæring – kva betyr dette for deg som Friskus?

Dette er eit kortfatta utdrag frå samtykkeerklæringa. Når du blir ein Friskus kan du lesa heile samtykkeerklæringa.

Friskus er ein digital plattform for aktiv deltaking og aktivitet. Det er Friskus AS som driv og utviklar plattformen Friskus. I Friskus vil du som brukar kunne finna aktivitetar i ditt nærområde som du kan delta på. Det er også aktivitetar som treng hjelp, såkalla oppdrag. Du kan som brukar velja å delta på oppdraga som frivillig og då hjelper du til for å få gjennomført aktivitetar.

Det er frivillig å registrera seg i Friskus med ein brukarkonto, og det er gratis. For å kunne delta må vi ha nokre opplysingar om deg, og ved å godta dette samtykket, samtykker du til at vi kan henta inn disse. I dette samtykket går det fram blant anna kva opplysingar som blir henta inn, kva dei blir nytta til m.m.

Kva opplysingar treng vi og kvifor?

For å bli ein Friskus må du samtykka til at vi lagra nokre opplysingar om deg som namn, e-post og anna relevant informasjon. Då vil du som Friskus lettare kunne finna dei aktivitetane som du er interessert i å delta på. Ein vil også som frivillig lettare kunne finna dei aktivitetane ein kan og vil bidra på.

Kven ser kva i Friskus?

I Friskus vil alle kunna sjå dei opplysingane du delar med dei. Du kan sjølv avgjera kor mykje som skal delast med andre via din profil. Melder du deg på ein eller fleire aktivitetar vil andre Friskusar kunne sjå at du deltar, og eventuelle kommentarar og bilete du deler. Du avgjer sjølv kva du deltar på, og det er frivillig å kommentera og leggja ut bilete. Du kan sjølvsagt sletta og endra desse opplysingane sjølv.

Korleis handterer vi opplysingane og kor lenge lagrar vi dei?

Vi vil ikkje gi opplysingane om deg vidare til nokon andre. Det er berre Friskusar som ser dine opplysingar og det du eventuelt vel å dela. Du har rett til å be om innsyn i kva som er lagra om deg som Friskus. Opplysingane om deg som Friskus blir lagra så lenge du er med i Friskus. Ynskjer du ikkje å vera Friskus lenger, kan du sjølv sletta din Friskus-profil eller be oss om å gjera det. Alle dine opplysingar vil då bli sletta frå Friskus.

For meir informasjon kontakt:

Friskus AS, Organisasjonsnummer 919 724 528
Rognsbakken 42, 5705 VOSS
Tlf: 911 75 556
Email: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.