Ho som brenn for andre (Presseklipp)

Sigrid Petersson Nedkvitne jobbar 60 timar i veka for Friskus og ivrar for frivillig arbeid. Fyrst og fremst er det døtrene som er inspirasjonen hennar.

Henta frå Avisa Hordaland. Av Ingvild Siglen Berger. Publisert 17.03.18.

– Det er som å gå på ei tredemølle som eg ikkje kan gå av, og det seier vel sitt, fortel Sigrid Petersson Nedkvitne (39).

I januar i fjor vart dei tre fyrste pilotane til Friskus AS starta opp. Sidan då har det gått i eitt for den sosiale entreprenøren frå Voss. Saman med medgründer Lene Sælen har ho jobba fram den digitale møteplassen, som skal vera med på å gje alle innbyggjarar oversikt over aktivitetar,

og fungera som eit koordineringsverktøy for dei som jobbar med frivillig arbeid.

– Eg har i mange år sett eit behov for å gjera det lettare å ta del i samfunnet. At det må vera enklare å få oversikt over alt det kjekke som skjer i lokalsamfunnet, og bli freista til å bli med. Både for yngre og eldre. Eg har lenge ynskt å gjera noko med det, fortel gründeren.

DIFOR TOK HO steget fullt ut etter å ha tenkt på ideen i fleire år.

– Eg hadde jo venta på at nokon andre skulle laga eit slikt verktøy, men det var ingen. Då det ikkje skjedde, så var det særleg etter at eg fekk siste jenta mi at eg ville ta steget.

Vossingen er mamma til tre, og fortel at ho dei siste åra har fått eit stort behov for å vera med på å påverka samfunnet til det betre. Spesielt etter at dotter nummer tre, vesle Selma (1), kom til verda.

– Då verktøyet aldri kom, ville eg laga det, og eg er overbevist om at det vil vera bra for veldig mange, både når det gjeld livskvalitet og helse.

Sigrid har vakse opp på gard på Nedkvitne, i trygge familieomgjevnader. Ei jordnær oppvekst, som ho seier sjølv.

– Me var ein vanleg familie, med tre born, mor og far. Det var veldig trygt og godt der. Arbeidsame og snille foreldre. Pappa var bonde og mamma jobba i butikk på Vangen, fortel vossingen.

Ho hadde to hestar som ho dreiv med, og har alltid likt å laga ting.

Privat - PÅ SKI Sigrid og veslebroren Olav på skitur på Gol.

PÅ SKI: Sigrid og veslebroren Olav på skitur på Gol.Foto: Privat

– Besteforeldra mine, mamma og tante hadde hobby- og sybutikk, så me blei alltid fora med hobbyaktivitetar. Eg byrja å strikka då eg gjekk i barnehagen og me laga alt mogleg. Og var ofte innom butikken på laurdagar.

Det kreative har alltid vore ein del av familien. Og ein omsorgsfull person har Sigrid stadig vore.

– Veldig oppteken av at andre skal ha det bra, og av å hjelpa. Eg trur det ligg der.

Ho vaks opp med sitatet «du skal vera mot andre slik som du vil andre skal vera mot deg». Så lenge ho kan hugsa, har Sigrid kjent på ei avmakt til alt som er feil og urettferdig i verda.

– Barnsleg, tenkjer kanskje nokon, men eg vil tvihalda på barnelærdommen om at dersom alle berre anstrengjer seg litt for andre, så har det samla sett stor verdi for alle. Frivillig arbeid er ikkje berre altruisme. Når eg får halda på med noko eg opplever som meiningsfullt, då har eg det best.

Heilt sidan barndommen har gründeren vore ein del av frivilligheita.

– Eg har mellom anna vore i 4H, Røde Kors og Redd Barna, fortel Sigrid.

Ho utdanna seg til barnevernspedagog i Sogndal og gjekk så rett ut i jobb som miljøterapeut i Bergen, der ho i tre år jobba med ungdom utanfor arbeidslivet. Så gjekk turen til Førde, som seksjonsleiar innan helse og velferd i Naustdal og Gaular kommune. Då ho flytta starta ho opp leksehjelp for born på asylmottak og barneskuleelevane i Førde.

– Eg såg behovet for eit verktøy som eg kunne bruka til å koordinera alle leksehjelparane som skulle vera med, kva tid dei kunne eller ikkje kunne. Det var ein stor kabal, også skulle eg i tillegg gjera det kjent at me hadde leksehjelp i Førde. Berre det i seg sjølv var ein kjempejobb. Eg ville jo bruka tida mi på borna, leksehjelparane og å laga kjekke aktivitetar, men eg brukte mesteparten av tida på å ringja rundt og koordinera. Med Friskus så får ein tid til menneska, tid til å vera frivillig, meiner ho.

Typiske ting ein kan leggja inn i møteportalen er klubbkveldar, kurs, konsertar, lunsj, føredrag og så vidare. Så kan folk vera med på arrangementa, anten som deltakarar eller frivillige.

ETTER NI ÅR i Førde, reiste ho heim att til Voss med mann og born. Ho er gift med Jonas, som ho møtte då ho budde i Førde. Han skulle berre vera legevikar i Naustdal i to månader, før han skulle tilbake til Sverige.

– Han vart heldigvis verande i Noreg, ler Sigrid.

Privat - LITA JENTE Sigrid som jonsokbrur rundt 5 år gamal.

LITA JENTE: Sigrid som jonsokbrur rundt 5 år gamal.Foto: Privat

Før ho starta opp Friskus, gjorde ho eit halvt år med intensiv planlegging og kartlegging samstundes som ho var i barselpermisjon.

– Eg hadde babyen med rundt omkring på møte, og fekk relasjonar og søknader på plass. Næringslivet på Voss har vore veldig støttande.

Friskus har fått pengestøtte av fleire, mellom andre Voss Sparebank og Innovasjon Noreg (IN). Sistnemnde er mellom dei som har vore med heile vegen. Den siste søknaden dei fekk innvilga hjå IN, var på fleire millionar kroner.

– Utan dei hadde me nok ikkje kunna laga noko bedrift på Voss. Då hadde det sikkert vore eit stort selskap ein annan plass som fekk nesten alle aksjane. Me har jo eit mål om at Friskus skal bli ei kompetansebedrift på Voss, fortel gründeren.

Slik vert det arbeidsplassar av. Ho har rigga bedrifta med eit godt utviklarlag, som stadig jobbar for å gjera den digitale møteplassen så god som mogleg.

– Me har fleire prosjekt gåande rundt om i Noreg, som er med og testar Friskus, gjev tilbakemeldingar, som så vert formidla vidare til utviklarane. Det er for at Friskus skal vera enklast mogleg å bruka og passa inn i kvardagen til folk. Dette er utruleg viktig for meg, seier ho.

– Har du nokon tips til andre som vil verta gründer?

– Aldri start!

Sigrid ler høgt. Eit solid lag rundt seg er det fyrste ho tenkjer på. Ein gjeng som er klar for mykje jobbing.

– Eit lag med dyktige og samfunnsengasjerte folk som verkeleg vil skapa noko som er større enn dei sjølve. Og at ein har dei på plass før ein startar opp.

HENNAR EIGE LAG har kome på plass litt etter kvart. Og hundrevis av timar med jobb, det har det verkeleg blitt.

– Eg trur det vert måla eit litt for roseraudt bilete av kva det eigentleg vil seia å vera gründer. Det er litt «in». Eg heldt på med master i helse- og velferdsleiing, som no er sett på vent fordi eg er gründer. For då kan ein ikkje gjera noko anna enn nettopp å vera gründer. Nett no ser eg ikkje for meg at det vert tid til å ta opp att mastergraden på veldig lenge, for eg jobbar heile tida.

Ho har arbeidd 60 timars veker i eitt år no, og det er ikkje berre berre.

– Ikkje med tre stykk som vil snakka med «mammo» si, og ein mann som kunne tenkja seg å snakka med meg innimellom. Dei må vera veldig tolmodige, og jobben er noko som grip inn i heile familiesituasjonen.

For jo meir ein gjer, jo meir arbeid vert det av det.

– Noko som sjølvsagt òg er positivt, fordi me ynskjer kundar og ynskjer å laga noko bra som verkeleg er til hjelp. Då må det jo vera mykje arbeid, forklarar Sigrid.

Men likevel vil ho ikkje at jobben skal gå ut over familien så mykje lenger.

– Ein må stoppa på eit tidspunkt, for elles blir det jo ikkje noko Friskus heller.

Privat - FAMILIEN – Det er det finaste i verda å vera ein familie, seier ho. På biletet til venstre er ho saman med mannen Jonas og døtrene Otilie, Ingrid og Selma.

FAMILIEN: – Det er det finaste i verda å vera ein familie, seier ho. På biletet til venstre er ho saman med mannen Jonas og døtrene Otilie, Ingrid og Selma.Foto: Privat

Når ho fyrst har fritid saman med familien, prøver dei å vera mykje ute. Til dømes i Herresåsen på ski, seinast sist helg.

– Det var fantastisk og ei skikkeleg vitamininnsprøyting å få gå litt på langrenn. Elles har me ein gammal støl i Horndalen, som eg var på då eg var lita. Me skal byrja bruka den litt meir. I tillegg har eg ein mann som er veldig glad i å reisa, så me har gjort det ein del. Me likar godt å reisa på tur, men eg er eigentleg ein veldig heimekjær person. Eg likar godt å vera heime med jentene, fortel Sigrid.

SJØLV OM HO ikkje heilt ser enden på dei store arbeidsmengdene nett no, håpar ho dei etter kvart vil minka. Planen er å få vera meir mamma og kone.

– Det er det finaste i verda å vera ein familie!

Når det gjeld Friskus framover, er målet å få fleire til å leiga bruk av møteplassen. Det må dei få til for å behalda bedrifta.

– På sikt må me klara å stå på eigne bein. Men det går fint med Friskus, til no har me fått med oss fleire bydelar og ti kommunar som seier dei vil bruka møteplassen.

Mellom dei er Voss kommune.

– Voss har sett velferdsteknologi på dagsorden og det er skikkeleg tøft at Friskus er ein del av satsinga, meiner Sigrid.

Potensialet er til Friskus er stort, men det er eit krevjande arbeid å bringa ut til verda at verktøyet finst.

– Å få det kjent! Me har jo klart det, me har jo laga det. No er det eigentleg opp til frivillige lag, organisasjonar og kommunar å bruka det. Alt står på bruken, for då kan me gjera meir av det Friskus verkeleg er meint for.

For tida rekrutterer dei.

– Hadde du trudd at det skulle bli utviding då du starta opp?

– Eg hadde vel det sidan eg torde å satsa, seier Sigrid og ler.

Ho legg til:

– Eg var veldig bestemt på at eg skulle gjera dette fullt ut då eg fyrst tok steget. Eg er positiv, men tek ikkje dette for gitt.

I GÅR VAR ho i Oslo på Helseteknologikonferansen 2018 i regi av Tekna, for å snakka om Friskus. Sigrid er oppteken av at det er veldig få damer som driv med teknologiutvikling, samstundes som verda og Noreg vil bli påverka stort av utviklinga som kjem.

Ingvild Siglen Berger - GRÜNDER Nyleg vart Sigrid nr. 8 på lista over Noregs fremste teknologi-kvinner, i ei kåring gjort av NHO-forbundet Abelia og Oda-nettverket.

GRÜNDER: Nyleg vart Sigrid nr. 8 på lista over Noregs fremste teknologi-kvinner, i ei kåring gjort av NHO-forbundet Abelia og Oda-nettverket.Foto: Ingvild Siglen Berger

– Folk bruker ord som revolusjon om den teknologiutviklinga som skjer, og dette gjeld alt frå velferdsteknologi til sosiale medium og tekniske hjelpemiddel. Er det berre halve befolkninga som skal vera med på å påverka den utviklinga? For det er nesten berre menn i dag.

Gründeren meiner det heile handlar om at ein òg treng kvinner som påverkar kva som skal lagast.

– Utviklinga rører ved oss alle på eit eller anna vis. Så det er heilt avgjerande at både kvinner og menn er med, seier ho.

Nyleg vart Sigrid Petersson Nedkvitne nr. 8 på lista over Noregs fremste teknologi-kvinner, i ei kåring gjort av NHO-forbundet Abelia og Oda-nettverket. Då såg ho si eiga rolle i eit litt anna ljos.

– Eg hadde ikkje tenkt så mykje på det før dei sette det på dagsorden, men sjølvsagt. Lene og eg håpar fleire kvinner kan synast teknologiutvikling er spennande og vil vera med. Me er veldig spente på kven som vil søkja på jobbane me har lyst ut.

– Kva inspirerer deg til å halda på?

– Det er å kunna ta vare på det velferdssamfunnet me har i dag, slik at mine jenter og mine barneborn skal kunna veksa opp i det. Då må ein tenkja litt smartare og gjera nokre ting på andre måtar framover for å bevara det. Eg meiner det må bli lettare for absolutt alle å ta del i det som skjer, viss ikkje skaper ein polarisering og einsemd. Forsking viser at dei lukkelegaste samfunna er dei med høg grad av frivilligheit. Elles blir eg veldig inspirert av flinke, kunnskapsrike folk som kan ting eg ikkje kan. Det handlar om å læra nye ting og bli inspirert til å jobba vidare.

 

Fakta

Sigrid Petersson Nedkvitne

  • Alder: 39.
  • Sivil status: Gift med Jonas. Saman har dei døtrene Ingrid (5), Otilie (3) og Selma (1).
  • Bur: I Rognsbakken på Voss.
  • Yrke: Gründer og dagleg leiar.
  • Aktuell med: Friskus AS, ein ny digital møteplass for aktivitet og frivillig innsats.